Рет қаралды 96
Eit endra klima vil påverke skogane også i Nord-Europa, og vi må akseptere dette og tilpasse det skogfaglege tenkjesettet vårt.
Klarar vi å forsterke innsatsen dei kommande åra, kan vi kanskje dempe dei klimarelaterte endringane, men vi kan ikkje hindre dei skadane som allereie er gjort.
Skog er ei langsiktig næring, ofte med 100 års perspektiv. Det betyr at vi må vere medviten om kva val vi tar no. Dei raske endringane utfordrar det innarbeidde suksessive handlingsmønsteret “hogst - planting -hogst - planting”.
I tillegg får skogen i vår tid nye og “tyngre” samfunnsoppgåver enn berre produksjon av trevyrke. Binde karbon, stoppe ras, bremse vatn og sikre artsmangfaldet. Vi må snakke om korleis vi skal forvalte og skjøtte skogane våre i framtida!
Føredrag av:
Erik Kolstad, forskar/leiar for SFI-senteret Climate Futures, NORCE - Bjerknessenteret
Guro Stranden Småstu, rådgjevar, Skogbrand
Ole Stabekk, seniorrådgjevar, Skogbrand