Noreg i dans og spel: 14. Telemark

  Рет қаралды 1,814

Norwegian Centre for Traditional Music and Dance

Norwegian Centre for Traditional Music and Dance

Жыл бұрын

14. Telemark
Opptak frå Landskappleiken, Vågå 1996.
Ingvill Marit Garnås og Inge Midtveit dansar gangar. Per Anders Buen Garnås spelar hardingfele. Slått: Fossegrimen etter Håvard Gibøen.
Om dansen
Springaren og gangaren i Telemark er omlag same dansen, men springaren blir dansa til tredelt musikk og gangaren til likedelt musikk. Dei inneheld for det meste same tak og vendingar, og har begge tre hovuddelar vendingsdel, lausdans og bygdedanssnu som samdansdel. Det er likevel vendingsdelen som dominerer i dansen, lausdansen kjem ikkje så ofte og samdansdelen står ofte ikkje tydeleg ut frå vendingsdelen. Korkje gangar eller springar vart dansa heilt likt frå stad til stad etter gammalt. Det kunne vera skilnader både i stil og lynne, i samdansmotiv og i oppbygging av dansen. Framleis kan ein sjå ein del av denne variasjon, jamvel om heller ikkje i gangaren er så presist knytt til ulike bygder når vi ser bort frå Tinn som har si nyskapte og klårt definerte form. Den organiserte opplæringsverksemda i fylket var lenge mest prega av Midt- og Aust-Telemark. På dette opptaket dansar ein gut frå Vest-Telemark med ei jente frå Aust-Telemark utan at det er noko problem. Sidan guten vel og formar samdansmotiva er dei her meir prega av Vest-Telemark, men mange av dagens dansarar ønskjer ikke å vektleggja skilnader som måtte finnast i dansen mellom ulike delar av fylket. Det har vore gode og sterke bruksmiljø for dansen i Telemark og både spel og dans har vore i god hevd opp gjennom alle år.
Om musikken
Denne gangaren i 2/4 takt er kjend over store delar av hardingfeleområdet. Han er samstundes eit døme på korleis slåttar har fått namn etter dei underjordiske. Etter gammal tradisjon tok Myllarguten gjerne til med denne slåtten når han spela, og enkelte meiner jamvel at det nettopp kan ha vore Myllaren som sette namnet Fossegrimen på slåtten. Spelmannen Knut J. Heddi frå Setesdal kalla slåtten Gauslåen og meinte at det var eit eldre namn (Bjørndal og Alver 1985:129). Andre namn på slåtten er Asgjerd (Telemark), Numedølen (Numedal) og Torstein på Bergi (Setesdal) (Hardingfeleverket III nr. 152). Felestillet er a-d-a-e.

Пікірлер
Noreg i dans og spel: 15. Telemark
2:47
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 924
Noreg i dans og spel: 16. Aust-Agder - Setesdal
4:36
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 2,3 М.
Do you choose Inside Out 2 or The Amazing World of Gumball? 🤔
00:19
How do Cats Eat Watermelon? 🍉
00:21
One More
Рет қаралды 11 МЛН
💩Поу и Поулина ☠️МОЧАТ 😖Хмурых Тварей?!
00:34
Ной Анимация
Рет қаралды 2,1 МЛН
Halling Norwegian folk dance
6:51
frikar
Рет қаралды 131 М.
Spring Waltz (Mariage d'Amour) Chopin - Tuscany 4K
12:40
Classical Relaxation 4K
Рет қаралды 17 МЛН
5 FASCINATING FACTS about the Swedish language
13:47
Philosophia Helvetica
Рет қаралды 10 М.
Dans hardingfele senior- Telespringar
4:00
Vilde Westeng
Рет қаралды 3,6 М.
Gangar - Skrebua (live studio performance)
6:11
Richard Max
Рет қаралды 1,3 М.
Norske folkedansar, Bislett stadion 1932
6:52
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 568
Telegangar med Frøy 2021
5:23
Leikarringen Frøy
Рет қаралды 172
Noreg i dans og spel: 1. Oppland - Valdres
3:41
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 2,3 М.
Лилия
3:00
Али Ахмет - Topic
Рет қаралды 1,3 МЛН
ИРИНА КАЙРАТОВНА  - 30 НЕ АУТ [MV]
3:42
ИРИНА КАЙРАТОВНА
Рет қаралды 224 М.
Billie Eilish - BIRDS OF A FEATHER (Official Music Video)
3:51
BillieEilishVEVO
Рет қаралды 15 МЛН
Жақын адамым 2
2:36
Али Ахмет - Topic
Рет қаралды 167 М.