Om bygdekunstnaren Aslak Olsen Lie (1798-1886) v/Elisabeth Kværne, Valdresmusea

  Рет қаралды 52

Valdresmusea AS

Valdresmusea AS

Күн бұрын

Ny kunnskap gjer at vi no veit meir om livsverket til bygdekunstaren og mangesyslaren Aslak Olsen Lie. Elisabeth Kværne, folkemusikkarkivar og folkekunstkjennar ved Valdresmusea, haldt foredrag om han 21. april 2022. Då delte ho inspirerande og nyttig kunnskap for alle som har interesse for bygdehandverk, folkekunst og utvandring.
Aslak Olsen Lie (1798-1886):
I 2000 var Valdres Folkemuseum med på å gje ut boka Snikkaren Aslak Olson Lie, Bygdekunstnar i Valdres og Wisconsin.
Boka kom som eit skrift i I.S.K.F. sin bokserie på Novus forlag. Forfattaren, etnologen Reidar Bakken, hadde fått oppdraget av Valdres Folkemuseum og familien Granum i Amerika. Dei faglege opplysningane og vurderingane bygde for ein stor del på livsverket og innsikta til Jack Holzhueter, konservator ved State Historical Museum i Madison, noko Bakken sjølv framheva.
Registreringar av arbeida til Aslak O. Lie i Valdres og Amerika er samla i eit omfattande arkiv på Valdres Folkemuseum. Nerliskatollet, som Aslak O. Lie laga til seg sjølv medan han budde i Nerli i Reinli, har ein framskoten plass i utstillinga «Rotasjon» som no vises på museet. Skåpet reknar Jack Holzhueter som Aslak O. Lie sitt hovudverk i Norge. Det kunstnarlege uttrykket er prega av arbeidet Lie gjorde i kyrkja i Bagn, orgelprospektet vart i 1890-åra fløtt til Reinli stavkyrkje. Den sentrale plasseringa av skåpet i utstillinga på Valdres Folkemuseum er ei anerkjenning av den posisjonen Aslak sine arbeider har i Valdres, og også i norsk folkekunst.
Nyoppretta kontakt med Jack Holzheuter har gitt oss ny kunnskap om Aslak sine arbeider, og gjer at vi no kan sjå at fleire gjenstandar kan ha vore laga av Aslak og familien hans. Det gjeld òg eit skåp i museet sitt eige.
Rundt 2014 fekk Valdres Folkemuseum eit skåp i gåve frå arvingane etter døtrene til Marit Granum, ein slektning av Lie. Skåpet er registrert og plassert i Flatøygardsbygningen på museet. Bilde av skåpet ligg på digitalt museum.
I Amerika blir det i dag arbeidd for å ta vare på både hus og gjenstandar etter Lie, og i Aurdal vart det gjord ein stor innsats for å sette i stand ei låve på Torshaug. Fleire hus vart fløtt hit frå Motet, plassen Lie bygde til seg sjølv rundt 1937.
Les meir her: valdresmusea.n...

Пікірлер
Piet Devos: Langs bloedbanen
1:50:01
Studium Generale
Рет қаралды 40
Bernt Rundberget: Mellomaldersmier og jernanalyser, ei oversikt
55:31
We Attempted The Impossible 😱
00:54
Topper Guild
Рет қаралды 56 МЛН
241115 In de evacuatie "de bult op"
30:36
HistoriHerbergArnhem
Рет қаралды 21
Skulehusjentudn på Dølven skule i Sør-Aurdal
15:12
Valdresmusea AS
Рет қаралды 729
Lektionen / Lessons - Tom Holert
49:38
Kunstsammlungen Akademie der Bildenden Künste Wien
Рет қаралды 22
Webinar om fotoarkiver 11. desember 2024
1:38:13
Arkivforbundet
Рет қаралды 125
Irene Baug: Handel og nettverk i vikingtid og mellomalder
49:43
Valdresmusea AS
Рет қаралды 53
Trond Kirkvaag som Einar Førde møter Vaktmesteren i Lørdan
5:00
05 Panel 3   Visuelle Manifestationen von alltäglichem Antisemitismus
56:44
Martin-Buber-Professur Frankfurt
Рет қаралды 27