Noreg i dans og spel: 17. Aust-Agder - Mykland

  Рет қаралды 448

Norwegian Centre for Traditional Music and Dance

Norwegian Centre for Traditional Music and Dance

Күн бұрын

17. Aust-Agder - Mykland
Opptak frå Landskappleiken, Vågå 1996.
Otto Furholt spelar hardingfele. Slått: Springar etter Fredrikane.
Om musikken
Fredrikane var av reisande folk, taterar eller fantar, som dei vart kalla på Sørlandet. Mange stader i landet har reisande folk vore viktige kulturberarar og inspiratorar både når det gjeld kunsthandverk og folkemusikk. På Agder har det vore tre slekter mellom dei reisande som har vore viktige berarar av folkemusikalsk tradisjon, Strømsingane Alltingane og Fredrikane. Den fyrste av dei såkalla Fredrikane var Johannes Nilsen Lindberg Flintian (ca 1770-1845) som kom frå Sverige. Han gifte seg med Anniken Fredriksdatter i Skien, og dei slo seg ned i Kragerø. Sonen deira, Fredrik Johannesen Flintian (ca 1803-1880) var spelemann, han spelte med keiva er det fortalt, og slåtten Flinte-Fredrik er etter honom. Den tredje generasjonen er då sønene hans; Nils Fredriksen (1846-1932) og Johan Fredriksen (1838-1907), og desse to var det spelemennene Torleiv, Knut, Anders og Olaf Frøysaa i Setesdal lærde av. Kor god særleg Johan Fredriksen var er det fleire vitnemål om. Kunstmålaren og spelemannen Lars Osa, far hans Sigbjørn Bernhoft Osa, møtte Johan Fredriksen i Valle, og har karakterisert han som eit musikalsk geni. Torleiv Frøysaa som lærde aller mest av Johan Fredriksen, meinte han var like god som Torkjell Haugerud. - Fredriksen-tradisjonen gjekk så vidare til Georg Brobakken og Jens Mykland (1895-1969), og deretter til Otto og Halvdan Furholt. Olaf Frøysaa skreiv opp mykje av repertoaret til Nils og Johan, og denne samlinga inneheld både hallingar, springdansar og runddansar. (Lande 1999). Felestillet er oppstilt bas, a-d-a-e. Otto Furholt har lært slåtten av Jens Mykland.

Пікірлер
Noreg i dans og spel: 18. Vest-Agder
3:46
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 690
Fanitullen (Norwegian Traditional from Hallingdal)
2:49
Nils Økland - Topic
Рет қаралды 400
Молодой боец приземлил легенду!
01:02
МИНУС БАЛЛ
Рет қаралды 1,5 МЛН
Landskappleiken 1994 - Per Anders Buen Garnås
7:13
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 825
Rowan Atkinson DESTROYING Woke Culture..
12:28
WokeWatch
Рет қаралды 732 М.
Hans W. Brimi - Nordavinden og Synnasno
3:43
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 739
კვირაში ერთხელ მიშა მშვილდაძესთან - რა ხდება ოკუპირებულ აფხაზეთში?
21:24
კვირაში ერთხელ • მიშა მშვილდაძესთან
Рет қаралды 44 М.
Geitungen - Tveitaslåtten
2:36
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 393
Ingar Ranheim - Halling Valdres
3:43
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 1 М.
Armenian dances - Hovivneri par & Taltala
3:18
Ilia Mazia Duduk in Israel דודוק ארמני Дудук
Рет қаралды 10 М.
Elisabeth Kværne - Noreg i dans og spel - vol. 2 (langeleik-delen)
5:30
Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Рет қаралды 259