Рет қаралды 924
Har du tid? 🌿 Her kjem Sommarregn, ein ny smakebit frå det nye albumet, filma på ei DNT-hytte utanfor Oslo i fjor sommar.
Eg skreiv Sommarregn etter å ha vandra i fire dagar i strekk under ein vidopen himmel. Alt eg åtte var gjennomblautt og fjellskoa surkla for kvart skritt oppover bakkane mot Kvam. Då slo det meg: Dette regnet inneheld alt. Alt det gode og alt det vonde, samstundes.
Tinga vi drassar på likar ikkje alltid vatn, men vi menneske er lukkelegvis vanntette. Denne er til deg som vandrar gjennom regnvêret i dag.
Video: Martin Bremnes og Mathias Lohne. Klipp: Jørgen Nordby. Lyd: Sivert Henriksen.